Hmm, kva er min favoritt film? … Eg les ofte biografiar o.l og då står det ofte favorittfilm, og då svarar folk ofte ein film, eller to kanskje. Og då har eg stillt meg det spørsmålet sjølv mange gonger, men eg greier ikkje finna berre ein einaste film som eg likar aller best, men eg trur kanskje mangen av dei eg les profilar til forandrar meining etter kvar tid dei svarar.., mens andre beheld sin favoritt film gjennom alle år.
For det er jo så mangen bra filmer, men eg meinar at ein favorittfilm for min del i bør vera ein film eg har likt i mangen år .. og som kanskje er norsk. For eg har filmar eg alltid har likt og nokon filmar eg likte best i nokon periodar.
Nokon filmar eg likar godt er norske gode filmar som: Pelle og proffen filmane, kamilla og tyven , kalle og englane, aldrig mer 13 og fredrikssons fabrikk. Dette er filmar eg så for fyrste gång då eg var liten (90-tallet) og som eg forsatt likar godt.
Andre norske filmar eg likar godt som er laga på 2000-tallet er blant anna: Alt for Egil, united og Lange flate ballær.
United og lange flate ballær likar eg godt for dei handlar fotball og er romantiske, dei er også komiske. Alle desse filmane er folkelige, ekte og eg likar at det er filmar som er laga på deira egne dialektar. Alt for Egil er ein av mange gode «stavangerfilmar». Den har god musikk, flotte bileter, er morosam, underhaldande og er annleis forhold til andre filmar om kjærleik. Det som er litt ekstra kjekt er all energien Egil brukar på at Jan Ove skal få seg sertifikat og jobb i pizza 24. dessutan spelar begge favoritt skodespelarane mine Vegar Hoel og Kristoffer Joner i han.